Saueskinnsputer til barn

Barn elskar saueskinn, og ei saueskinnspute med teddymotiv på baksida er ein sikker vinnar. Putene er handsydde av supermjuke lammeskinn, og fylde med resirkulerte stoff og ullrestar. Storleik ca 20x 30 cm.

Du finn dei i nettbutikken under handlaga skinnvarer! 😃

Saueskinn som interiørdekor

Saueskinn er naturfiber som skaper varme, ro og ei hyggeleg atmosfære i rommet. Dei varmar også godt i til dømes utemøblar, på ein benk eller i godstolen. Vi i Pergarden Produkt har eit stort utval i saueskinn av ulike rasar med ulike fargar og ull. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, eller om du lurer på kva type skinn du bør velge til den bruk du skal ha skinnet. 

Skal pakken fram til jul?

Posten melder at pakkar som garantert skal fram til jul må sendast seinast 16. desember.

Hugs å gjere unna julehandelen hjå oss i god tid! 

Me ynskjer alle ei fin førjulstid.

 

Bestill visning i Volda

Vi har ikkje ein fysisk butikk, men tek gjerne imot kundar for privat visning i Volda.

 Send oss ei melding, eller ring oss på 975 30 623. 

Over 200 000 besøkande

Sidan me starta med nettbutikken vår på www.pergarden.com har me per medio oktober 2016 hatt meir enn 200 000 klikk på sidene. Dette er fantastisk, og me vil takke alle besøkande so mykje!

 

Nytt: Tilbodstorg i nettbutikken

På tilbodstorget vårt finn du skinn som er nedprisa. Desse skinna kan vere 2.sortering frå garveria, skinn med små skader, eller skinn som me ynskjer å selge til redusert pris for å frigjere plass til nye skinn. Me legg til nye skinn no og då.

Følg med på tilbodstorget og sjå om du kanskje kan gjere eit ekstra godt skinnkjøp! ;) 

 

Du finn det her: http://www.pergarden.com/73653832/category/812831/tilbodstorget 

Saueskinn som klednad

Saueskinn er ikkje berre ein pyntegjenstand, eller ein varm fell i senga. Saueskinn har vore brukt i fleire årtusen som klednad. Ein varm bunad i alt slags kaldt vêr her til lands. 

Skinn frå www.pergarden.com vart nyleg brukte i ein photoshoot som hadde sterke, norske kvinner som tema, og der saueskinn som norsk produkt skulle løftast fram. 

Følg med på facebooksidene og instagramkontoen vår for fleire flotte bilder. 

Facebook: @pergarden @skinnsom @ScandinavianSkins
Instagram: @ScandinavianSkins

Foto og idè: Frederike Coring

Babyskinn med flotte trykk

No kan du bestille babyskinn med nyfødd-trykk og babyen sitt namn på. Skinnet på biletet er det vår eiga vesle tulle som eig. 

Du kan også bestille trykk med anna tekst som fødselsdato, dåpsdato, vekt, høgd og liknande. 

Sjå nettbutikken vår for produktinformasjon og prisar. 

Du finn skinnet under "Nettbutikk skinn - babyskinn/lappar."

Instagram-konkurranse

Du finn oss på Instagram

@ScandinavianSkins

Ver med i konkurransen vår og vinn dette saueskinnet. Du finn biletet og reglane rundt konkurransa på Instagram. Trekning 31. mars 2016

 

FRI FRAKT PÅ ORDRAR OVER KR 1600

Som eit varmt handtrykk til dei av våre kundar som handlar dei meir eksklusive skinna, eller som handlar varer for meir enn kr 1600 totalt, vil me no gje gratis frakt og ekspedisjon. Innsparinga for kundane er på kr 210. 

I tillegg har me tatt vekk ekspedisjonsgebyret på kr 50 på alle ordrar. 

Fordi me set pris på kundane våre. 

Me vil ynskje alle ein fin vår!

Saueskinssadel er vårt nyaste produkt

På ryggen til denne hesten kan du sjå vårt nyaste produkt, saueskinnssadel til ridesal. Denne er sydd for å passe til ein ridesal og har påmontert reimar for å kunne feste den godt før bruk. 

I nettbutikken vår for skinnsaumprodukt finn du denne salen under "Nuras produkt", og du kan sjølv velge kva skinn me skal bruke. 

No kan du betale med PayPal

Du kan no betale med kort om du vil. Me nyttar PayPal si løysing, noko som inneber at du anten betalar med kredittkort/bankkort, eller nyttar PayPal kontoen din (dersom du har ein).

Dersom du ynskjer å betale med kort i staden for faktura, sender du berre ei melding ved å bruke "Kontakt oss"-funksjonen. 

Per Erling Parr Sætre
Dagleg leiar
Pergarden Produkt

Gåvekort

Kjøp eit gåvekort frå Pergarden Produkt til ein du er glad i. 

Du bestemmer beløpet, den som får kortet bestemmer sjølv kva produkt ho/han vil kjøpe.

Du kan bestille eit gåvekort gjennom Kontaktsida vår. Skriv inn beløp på kortet, namnet ditt, adressa di, og namnet på den som skal ha kortet. Dersom du vil at vi skal sende kortet direkte til den som skal få det, må du hugse å oppgi adressa til vedkomande. 

Me tek kontakt med deg angåande betaling og sending. 

Flotte skinn av spælsau i oktober

Me har nettopp fått inn eit parti spælsauskinn. Dette er store, langhåra skinn i flotte gråtonar, brunt og viltfargar. Besøk nettbutikken vår i dag, og sikre deg eit skinn. Dei er populære!

Mange nye skinn i butikken i september

Hausten er i anmars, temperaturen går ned, og behovet for ein varm skinnfell å varme seg med melder seg. 

Me har fått inn eit stort parti villsauskinn frå heimgarden vår, Pergarden i Dalsfjord. Desse skinna er av vaksne villsauer, dei er store og varme, og i flotte nyansar av grått, brunt, svart og kvitt. 

Du finn skinna under Villsauskinn i Netbutikk for skinn. 

Salsstand på marknadsdag i Volda

Laurdag 29. august stod vi med salsstand på marknadsdag på Sivert Aarflot-plassen i Volda. Mange var innom standen. Takk til alle som handla med oss! 

 

Gled einkvan med gåvekort hjå oss!

No kan du glede einkvan med gåvekort hjå Pergarden Produkt. Du bestemmer verdien, det er gyldig i éit år frå dagen du kjøper det, og kan brukast på alle produkta i nettbutikken vår. Gåvekortet leverer/sender me til den som skal ha det, med din eigen sjølvkomponerte tekst.

 
 

Stil og Stemning, ny utsalsstad i Ørsta

Me samarbeider no med Ørsta sin flottaste interiørbutikk, Stil og Stemning / Tilbords. Du finn no til ei kvar tid eit utval flotte skinn frå Pergarden Produkt der. 

 
Det er ekstra kjekt å få sjå skinna og knipe i dei før du kjøper. Me anbefalar ein tur innom Stil og Stemning. I tillegg til saueskinn har dei mykje anna flott til heimen.

Salsstand på Spinneriet i Volda

Laurdag 25. april hadde me salsstand på kjøpesenteret i Volda. Besøket var over all forventning og me vil takke alle som kom bortom, og sjølvsagt, alle som handla med oss! 

Dersom du ser etter nokon som kan stille med salsstand på ditt arrangement må du gjerne ta kontakt med oss.


Babyskinn / sitteunderlag

Babyar på skinnfell får sjeldnare astma
 
Tyske forskarar meiner at det å bli eksponert for mikrobiologiske miljø i dyreskinn og dyrepels kan ha ein førebyggjande effekt mot astma og allergi, skriv forskning.no. Les meir under linken "Baby + saueskinn = bra" i menyen over.
 
No kan du kjøpe babyunderlag i nettbutikken vår. Me tilbyr svarte eller kvite skinn i butikken. Dersom du ynskjer delar av skinn i andre fargar, kan du velge mellom dei heile skinna i butikken og få kjøpe eit skinn ferdig delt i lappar mot eit tillegg på kr 150 for arbeidet.