Instruksjon i vask av skinn

Saueskinna som me sel kan vaskast når behovet melder seg. Ein vaskar dei for hand med litt ullvaskemiddel. Når det er vaska heng du det opp ein stad der det kan drypptørke.

Når det ikkje dryp av skinnet lenger, men medan det framleis er fuktig/vått, tek du tak i kantane og strekk det av all makt, i alle retningar. Dette for at skinnet ikkje skal trekke seg saman/krympe. Deretter set du inn kjøtsida (den utan hår) med til dømes Lano. Dette vil gjere at skinnet framleis er mjukt når det er heilt tørt. Skinn som ikkje vert smurt med Lano eller liknande vil verte tørre og stive.

For enno fleire detaljar angåande behandling av skinn kan de besøkje sidene til Roar Pels og til Granberg Garveri, på følgande linkar: 

http://www.roarpels.no/index.php?option=com_docman&task=cat_view&gid=8&Itemid=7

http://www.granberggarveri.no/default.aspx?mod=4&m1=29