Vi trykker tekst og fine motiv på bryllaupsgåver, jubileumsgåver og skinn til andre anledningar
Om du ynskjer å bestille eit skinn med personleg trykk på har du kome til rette staden. Vi trykker alt frå enkle namnetrykk med fødselsdato, dåpsdato, bryllaupsdato med meir, til meir avanserte trykk på rektangulære skinn med rammer og symmetriske trykk.
Sjå under for døme på trykk.
Om du ynskjer eit enkelt trykk kan dette bestillast her. Kjøp "Personleg trykk" til kr 400 i tillegg til det skinnet du ynskjer vi skal trykke på. Vi ber deg vente med å betale til vi har bekrefta at vi kan lage trykket og sende skinnet innanfor fristen din. Vi tek kontakt.
Hugs å skrive inn ønska tekst, oppsett og ønska trykk/design. Dersom du ønsker meir enn ein enkelt namnetekst og dato vil prisen verte høgre. Vi avtaler alltid dette på førehand før vi set i gang med trykkinga.



Barneskinn



Personleg trykk



Babyskinn med trykk

Bryllaupsfell

