Her finn du produkt laga av Per, mannen bak pergarden.com

Per starta opp Pergarden Produkt i 2012. Etter eit par år fekk han lyst til å gå kurs i skinnsaum, ettersom fleire kundar handla skinn til bruk i dette handverket.

Etter kurset, i regi av Volda husflidslag, var han fullstendig bitt av basillen, og syr no mykje i saueskinn. Med seg på laget har han mor si, Queen of Hearts!

VI HAR FÅTT NY NETTBUTIKK PÅ 

WWW.PERGARDEN.NO 

DER FINN DU ALLE VÅRE HANDLAGA PRODUKT, OGSÅ NYE PRODUKT. 

Saueskinnsboa

Pris: 890,00 NOK
Handlaga saueskinnsboa sydd av eit kjempemjukt skinn av pelssau/spælsau. Skjerfet er sydd med usynleg saum, og er om lag 170 cm langt.

Babylue

Pris: 990,00 NOK
Babylue sydd i saueskinn med semska skinn til kanting og bise. Trykka er påførte med trykkblokker og tekstilmaling i fargen bronse. Storleik: ca 1 år

Pulsvarmarar

Pris: 490,00 NOK
Desse supermjuke og varme pulsvarmarane er handsydde av kaninskinn. Dei er påført trykk for hand med trykkblokker og tekstilmaling. Trykket er herda og toler slitasje. Sjølve skinnet toler ikkje væte då det vil verte stivt når det tørkar. Storleik: Small

Barnevest

Pris: 2500,00 NOK
Handsydd saueskinnsvest storleik 5-6 år. Vesten er laga av villsauskinn og er kanta med brunt, semska skinn. Framme er det påsydd ei hempe av skinn og ein treknapp som du lukker vesten med. Vesten kan brukast på begge sider. Om du ynskjer påført dekorative motiv eller tekst gjer vi dette mot eit tillegg på Kr 400.

Pulsvarmarar

Pris: 490,00 NOK
Desse supermjuke og varme pulsvarmarane er handsydde av kaninskinn. Dei er påført trykk for hand med trykkblokker og tekstilmaling. Trykket er herda og toler slitasje. Sjølve skinnet toler ikkje væte då det vil verte stivt når det tørkar. Storleik: Medium

Babytøfler

Pris: 490,00 NOK
Desse søte babytøflene er handsydde av saueskinn. Vi brukar dobbel lintråd når vi syr, slik at saumane skal tole ein del. Rundt kanten på skaftet har vi sydd på semska skinn. Sommarfuglane er trykt på for hand med tekstilmaling i fargen gull. Denne malinga herdar og toler mykje. Storleik: 0,5 - 1 år.

Hjarte, stort

Pris: 250,00 NOK
Saueskinnshjarte med nydelig handtrykt motiv. Hjartet er laga av to stykke saueskinn forma som hjarte. Dei vert sydd saman for hand med dobbel lintråd. Over saumen har vi sydd ein hyssing/ende med hamp som «det vesle ekstra». Hjartet er elles fylt med ull og skinnrestar. Hjartet kan bestillast med eller utan perle på toppen. Storleik omlag 12 cm x 16 cm.

Hjarte, medium

Pris: 150,00 NOK
Saueskinnshjarte med hudsida ut. Hjarta er klipt ut i hjarteform med handtrykt hjartemotiv. Du kan velge om du vil ha med eller utan perle på toppen. Spesifiser i bestillinga om du vil ha bronsefarga, gullfarga, raudt eller gult hjarte (eller fleire i ulike fargar). Eignar seg godt som hengande pynt i vindauget, på døra eller i ein dekorasjon. Det er også ei fin vennegåve. Storleik omlag 9 cm x 9 cm.

Pyntehjarte, lite

Pris: 90,00 NOK
Desse små hjarta av saueskinn har tradisjonelle motiv som er trykte på hudsida for hand med tekstilmaling. Trykket herdar og sit godt. Farge: kopar Deretter vert dei to skinnbitane som er klipt ut i hjarteform sydd saman for hand med lintråd og knappholssting. Passar godt som interiørdekor eller pynt i dekorasjonar. Kan også festast på ein øskje med god sjokolade som vennegåve. Storleik omlag 6,5/7 cm i lengd og breidd.

Skjerf grå, kvit

Pris: 490,00 NOK
Dette skjerfet er sydd saman av pelssauskinn. Det er ekstremt mjukt med naturlege fargar og naturlege krøllar. Tilgjengelege fargar: kvit/lys Lengde om lag 90-100 cm. Skjerfet er handsydd med dobbel lintråd.

Hjarte, juletrepynt

Pris: 90,00 NOK
Desse små hjarta av saueskinn har tradisjonelle motiv som er trykte på hudsida for hand. Deretter vert dei to skinnbitane som er klipt ut i hjarteform sydd saman for hand med lintråd og knappholssting. Passar godt som juletrepynt eller pynt i juledekorasjonar. Kan også festast på ein øskje med god sjokolade som vennegåve. Storleik omlag 6,5/7 cm i lengd og breidd.

Handlaga engel

Pris: 100,00 NOK
Englar med personlegheit i ulike fargar og former. Storleik omlag 4-5 cm x 8-9 cm (hovud og kropp). Du kan forespørre ønska farge, men vi tek forbehold om utselt.

Dåpsskinn

Pris: 3200,00 NOK
Fell av kvit pelssau med påsydd brudekant og med handtrykte, tradisjonelle motiv. Fellen er om lag 81 cm x 56 cm stor. Brudekanten (ramma av skinn) er påsydd for hand med dobbel lintråd. Trykka er påført med trykkblokker i tre med tekstilmaling som herdar og er sterk og haldbar. Skinnet er garva hos Granberg Garveri.

Skinnfell av spælsau

Pris: 2490,00 NOK
Skinnfell av gamalnorsk spælsau frå Pergarden sine eigne sauer. Hudsida har tradisjonelle trykk påført med trykkblokker i tre og tekstilmaling. Dei hårlause partia under bog og lår er klipt vekk og innfelt med hårstykker, og kanteband er sydd over for å dekke grovsaumen. Eg har også sydd på ei rame av saueskinn rundt trykket på hudsida, også kalla brudekant. Omtrentlege mål er 72 cm x 56 cm.

Dekorskinn m motiv

Pris: 590,00 NOK
Dekorskinn av norsk kvit sau. Vi har måla på hjartemotiv på ein slik måte at skinnet kan henge over ein stolrygg eller armlenen på ein sofa. Trykket er i tekstilmaling og er herda. Storleik 67 cm x 32 cm.

iPad-veske

Pris: 790,00 NOK
Veske / etui til iPad eller andre nettbrett. Maks lengde og breidde 23,9 cm x 16,7 cm. Passar akkurat til 5.generasjons iPad. Veska er handsydd av norsk lammeskinn, med lokk/klaff av norsk pelssauskinn. Veska er sydd med dobbel lintråd for at saumane skal vere sterke. Trykka er påførte for hand med trykkblokker og tekstilmaling i fargen «kopar». Knappane er av tre, og hempene av semska skinn.

iPad-veske

Pris: 790,00 NOK
Veske / etui til iPad eller andre nettbrett. Maks lengde og breidde 23,9 cm x 16,7 cm. Passar akkurat til 5.generasjons iPad. Veska er handsydd av norsk lammeskinn, med lokk/klaff av norsk pelssauskinn. Veska er sydd med dobbel lintråd for at saumane skal vere sterke. Trykka er påførte for hand med trykkblokker og tekstilmaling. Knappane er av tre, og hempene av semska skinn.

iPad-veske

Pris: 790,00 NOK
Veske / etui til iPad eller andre nettbrett. Maks lengde og breidde 23,9 cm x 16,7 cm. Passar akkurat til 5.generasjons iPad. Veska er handsydd av norsk lammeskinn, med lokk/klaff av norsk pelssauskinn. Veska er sydd med dobbel lintråd for at saumane skal vere sterke. Trykka er påførte for hand med trykkblokker og tekstilmaling. Knappane er av tre, og hempene av semska skinn.

Babyvottar

Pris: 420,00 NOK
Babyvottar av eksklusivt pelssauskinn. Vottane er varme og gode og kan brettast ut for lengre lengde. Vottane høver for babyar og småbarn opp til 2-3 år, og då til bruk som sovevottar. Skinnet og fargen toler ikkje mykje væte og skit. Dette paret er rabattert med Kr 70 pga ein pennestrek på eine votten (sjå bilde).

Babyvottar

Pris: 490,00 NOK
Babyvottar av eksklusivt pelssauskinn. Vottane er varme og gode og kan brettast ut for lengre lengde. Vottane høver for babyar og småbarn opp til 2-3 år, og då til bruk som sovevottar. Skinnet og fargen toler ikkje mykje væte og skit.

Barnepute

Pris: 490,00 NOK
Barn elskar saueskinn, og denne koseputa er laga av det mjukaste lammeskinn og har eit fargerikt mønster med dyr frå skogen på baksida. Storleik ca 30 x 20 cm.

Saueskinnssadel - dekken til ridesal

Pris: 1900,00 NOK
Dette er ein saueskinssadel som du kan legge over ein vanleg ridesal. Den varmar godt under baken ein kald vinterdag. Som du kan sjå av bildet har den reimar og borrelåsar strategisk plassert for å kunne feste den godt til salen. Alt er sydd for hand

Interiørsauer av pelssauskinn

Pris: 390,00 NOK
Handsydde sauer av pelssauskinn. Sauene er fylt med ullrestar og augene er gamle perlemorsknappar. Du kan velge mellom langhåra og korthåra ull. Merk bestillinga med kva du ynskjer. Vi har ikkje inne begge deler alltid, så bestillinga vert å sjå på som ein forespørsel inntil vi bekreftar.

Påske-egg

Pris: 70,00 NOK
Desse små pynte-egga er handlaga av saueskinn. Fargane er påførte med tekstilmaling og trykkblokker. Dei er sydd for hand med lintråd. Storleik ca 7 cm x 4 cm.

Påskehjarte, medium

Pris: 150,00 NOK
Saueskinnshjarte med hudsida ut. Hjarta er klipt ut i hjarteform med handtrykt hjartemotiv. Du kan velge om du vil ha med eller utan perle på toppen. Spesifiser i bestillinga om du vil ha bronsefarga, gullfarga, raudt eller gult hjarte (eller fleire i ulike fargar). Eignar seg godt som hengande pynt i vindauget, på døra eller i ein dekorasjon. Det er også ei fin vennegåve. Storleik omlag 9 cm x 9 cm.

Gyngehest

Pris: 890,00 NOK
Denne gyngehesten er 40 år gamal. Den er restaurert, mala og utstyrt med man og hale av spælsauskinn, og med sal av nydeleg gotlandsfårskinn. Den er av tre, og er stødig og sterk. Framstår som ny.

Skinnfell av spælsauskinn

Pris: 2900,00 NOK
Denne fellen er laga av eit stort spælsauskinn. Den er tilklipt til rektangulær form. Rundt heile fellen på hudsida er det påsydd for hand ei rame av saueskinn, også kalla "brudekant". Motiva/bileta er trykte på med trykkblokker i tre og tekstilmaling som herdar og toler at ein til dømes sit på skinnet.

Skinnfell med vevnad

Pris: 3900,00 NOK
Dette er ein skinnfell av éit spælsauskinn. Skinnet er tilskore til rektangelform, påsydd ein kant av saueskinn rundt heile skinnet på hudsida (sokalla brudekant), og til slutt er ein flott, handlaga vevnad påmontert på hudsida. Skinnfellen er ca 90 cm x 40 cm.

Pyntepute av villsauskinn

Pris: 790,00 NOK
Denne puta er handsydd av eit utruleg mjukt og dekorativt villsauskinn. Baksida har semska skinn i matchande brunfarge. Puta er handsydd med dobbel lintråd, og inni har den fyllpute av resirkulerte tøyremser og kunstfiber. Storleiken er ca 40 x 40 cm, men puta framstår veldig volumøs og kraftig.

Stolfell / 2-skinnsfell

Pris: 3950,00 NOK
Stolfell / dobbeltfell av to skinn. Fellen er sydd med dobbel lintråd. Dei hårlause partia under bog/lår er klipt vekk og sydd inn med skinn med ull. Alle saumar er dekte med kanteband som er sydd med små faldesting. Fellen er kanta med semska skinn, sydd på både fram- og bakside. Motiva er både trykt på med trykkblokker, og mala på med sjablong. Vi bruker tekstilmaling til dette. Fellen eignar seg til ein benk eller til ein høgrygga stol / lenestol med meir.

Nakkepute av pelssauskinn

Pris: 450,00 NOK
Denne nakkeputa er handsydd av pelssauskinn og bomullsstoff. Vi bruker dobbel lintråd til saumen. Puta er ca 27 cm x 17 cm. Pelssauskinn kan variere litt grånyansane. Puta du får er kanskje ikkje heilt som den på bildet. Spør gjerne om å få tilsendt bilde av putene vi til ei kvar tid har inne.

Eksklusiv pute av villsauskinn

Pris: 790,00 NOK
Denne puta er sydd saman av villsauskinn på eine sida, og semska skinn på andre sida. Den er slitesterk og varig. På den semska sida er det tradisjonelle norske trykk. Storleik 40 m x 40 cm.

Teddybjørn i pelssauskinn.

Pris: 450,00 NOK
Dette er ein teddybjørn handlaga av pelssauskinn. Der er ingen små og farlige delar for ein baby/eit barn, og den er supermjuk og god å klemme på. Du kan velge om du vil ha blå eller rosa sløyfe. Kan vaskast.