Her finn du Nura sine skinnsaumprodukt

Nura er ei eldre dame frå Somalia.  Ho flykta frå heimlandet sitt på grunn av krig, og jobbar no hardt for å skape seg eit nytt liv i Norge. 

I heimlandet sitt brukte ho mykje tid på saum og anna handarbeid. Ho har gått kurs for å lære seg å sy i saueskinn etter gamle norske tradisjonar, og du finn produkta hennar her. 

Ved å kjøpe Nura sine produkt støttar du ho i hennar verdiskaping, og gjev ho moglegheit til å utvikle sin kreativitet og sine evner vidare. Og du vil få eit flott saueskinnsprodukt i hus! 

Nura kan sy på bestilling. Ta kontakt om du Har noko konkret i tankane.

Nakkepute av spælsauskinn

Pris: 390,00 NOK
Denne puta høver godt til å legge bak nakken når du skal slappe av på sofaen eller i ein høgrygga stol. Ulla varmar godt opp nakken, som igjen fører til god blodgjennomstrøyming. Puta er handsydd.

Skjerf / boa av pelssauskinn

Pris: 490,00 NOK
Dette skjerfet er sydd saman av pelssauskinn. Det er ekstremt mjukt med naturlege fargar og naturlege krøllar. Lengde om lag 85 cm. Skjerfet er sydd med "usynleg saum". Ein saum du ikkje kan sjå med mindre du leitar mellom ulla.

Saueskinnssadel - dekken til ridesal

Pris: 2190,00 NOK
Dette er ein saueskinssadel som du kan legge over ein vanleg ridesal. Den varmar godt under baken ein kald vinterdag. Som du kan sjå av bildet har den reimar og borrelåsar strategisk plassert for å kunne feste den godt til salen. Alt er sydd for hand

Babytøfler, kvite

Pris: 450,00 NOK
Desse tøflene passar til babyar mellom 1/2 og 1 år. Dei er laga av saueskinn, er sydde med lintråd, og påtrykt søte, små lam ved bruk av hobbymaling. Du kan velge om du vil kjøpe tøflene utan reimar eller med reimar til knyting.

Seteunderlag i saueskinn

Pris: 890,00 NOK
Dette seteunderlaget er laga av villsauskinn og er påsydd tradisjonell brudekant. Mindre produkt som dette får lavare porto enn det som legg seg inn i bestillinga automatisk. Me trekk frå det overskytande frå beløpet som vert trekt på kredittkortet ditt.

Seteunderlag av saueskinn

Pris: 890,00 NOK
Dette seteunderlaget er laga av skinn av vanleg norsk, kvit sau. Rundt kanten av skinnet er det sydd ein kant av saueskinn, kalla brudekant. Denne dannar ei rame rundt dei påtrykte motiva.

Seteunderlag i saueskinn

Pris: 890,00 NOK
Dette seteunderlaget er sydd av skinn av vanleg kvit norsk sau. Rundt skinnet er det sydd ei rame av skinn, kalla "brudekant", og skinnet er påtrykt fine motiv.