Babyar på skinnfell får sjeldnare astma

(NPK): Å la babyen sove på dyrepels den første tida, kan redusere risikoen for astma seinare i livet.

Tyske forskarar meiner at det å bli eksponert for mikrobiologiske miljø i dyreskinn og dyrepels kan ha ein førebyggjande effekt mot astma og allergi, skriv forskning.no. Tidlegare studiar har peika på noko av det same, til dømes kan det å vekse opp på gard vere eit godt vern mot astma og allergi.
I den nye studien der 2400 bybarn deltok, viste det seg at risikoen for å ha astma i seksårsalderen var 79% lågare hos barna som hadde sove på ein dyreskinnfell, samanlikna med barn som ikkje var eksponerte for dyreskinn. 

Me har babyskinn i vårt sortiment. Korthåra, små lammeskinn som høver perfekt for babyar. Besøk nettbutikken vår i menyen over for å finne utvalet.