Velkomen til gardsbutikken vår på Sætre/Lauvstad

Eit av roma i gardsbutikken vår.

Vi har ei periode jobba med å få den gamle buda på garden i stand att slik at vi kan både ha skinnmakerverkstad og gardsbutikk der. No er draumen vorte til røynd, og du kan kome og handle med oss. Vi held til i Dalsfjordvegen 133 på Lauvstad i Volda kommune. 
Vi har ikkje faste opningstider, men opnar gjerne på forespørsel. 

Ta kontakt med oss på tlf 975 30 623, på Facebook @pergarden, Instagram @pergardenskinn eller gjennom meldingsfunksjonen her på sida. Du kan betale med kontantar, vipps og kort. 

Innimellom annonserer vi spesielle opningstider. Følg med på Facebook eller her for å få med deg det som skjer. 

Helsing folket i Pergarden