Instruksjon i vask av skinn

Saueskinna som me sel kan vaskast når behovet melder seg, men dei held seg best om du luftar dei og ristar/bankar dei for å få ut støv. Skinna kan også leggast i puddersnø med hårsida ned, og late dei rense seg i snøen ein halvtimes tid. Lat det ikkje snø på hudsida, for om skinnet vert vått på denne sida vil det verte stivt når det tørkar.

Når du vaskar saueskinna våre gjer du det for hand om ulla er lenger enn 10 cm lang, og i maskin på ullvaskeprogram om den er kortare. Bruk litt ullvaskemiddel. Når det er vaska heng du det opp ein stad der det kan drypptørke.

Når det ikkje dryp av skinnet lenger, men medan det framleis er fuktig/vått, tek du tak i kantane og strekkjer det av all makt, i alle retningar. Dette for at skinnet ikkje skal trekke seg saman og rynke seg. Deretter set du inn kjøtsida (den utan hår) med til dømes flytande Lano. Massér den godt inn. Dette vil gjere at skinnet framleis er mjukt når det vert heilt tørt. Skinn som ikkje vert smurt med Lano eller liknande vil verte tørre og stive.

For enno fleire detaljar angåande behandling av skinn kan de besøkje sidene til Roar Pels og til Granberg Garveri, på følgande linkar: 

http://www.roarpels.no/index.php?option=com_docman&task=cat_view&gid=8&Itemid=7

http://www.granberggarveri.no/default.aspx?mod=4&m1=29